Singel og sand
Jan Mo AS har eit stort utval med ulike fraksjonar av singel, sand , grus og jord på lager til ei kvar tid. Les meir om dei ulike fraksjonane lenger nede på denne sida.
Varer me ikkje har på lager, skaffar me innan kort tid.
Leveringsalternativ
- Tippbil (tippa eller strødd direkte på veg)
- Kranbil med grabb.
- I storsekk.
- Du hentar sjølv på vårt lager.
- Gunstige prisar ved større mengder (>200 tonn) levert direkte frå båt.
Om du ynskjer spesielle fargar eller fraksjonar ta kontakt med oss. Me har eit vidt kontaktnett på levering av ulike fraksjonar og variantar.
Eit utval fraksjonar
Grus 0-16 / 0-32 T1
Singel 2-5 mm / 4-8 mm / 8-16 mm / 16-32 mm
Pukk 32-64 mm / 20-120 mm
Kvartsgrus / «Ålvikagrus»
Sikta jord
Skjelsand
Knust asfalt / fresemassar
Sprengstein, murstein, fyllmassar
Kvit singel
Sjå meir info om kvar fraksjon nedanfor.
Har du spørsmål om fraksjonar, eller ynskjer andre typar ? Ta kontakt, me skal prøva å skaffa dette og!